Vi bruker cookies på våre nettsider. Les mer om hvilke cookies vi bruker og hva vi bruker de til her. 

Brudebuketten med meining

brudebukett og gjertrud

Brudebuketten – korleis skal den sjå ut? Trenger eg bukett i det heile? Den litle blomen som blir tryggleiken på ein magisk bryllupsdag.

Tekst: Gjertrud Østervold Toft @gjertrudoet Foto: Sløyfe og slør

Brudekjolen trenger prikken over i’en, sa noko. Eg er ikkje veldig dyktig på farger, blomar og pynt i utgangspunktet. Så tankane rundt brudebuketten blei eit ekstra stressmoment før vigsla vår.

På eit tidspunkt hadde eg bestemt meg for å ikkje ha blomar i det heile tatt. Eg skulle klare meg utan og berre gå opp midtgongen med tomme armar. Både fordi eg ikkje fann noko eg likte og fordi å bestille brudebukett kan koste mykje.

Dagen før vigsla endra eg meining, noko eg er glad for i dag. Eg bestemte meg for ein liten bukett, men betydningsfull for meg.

Minner med på dagen

Ei av dei viktigaste damene i livet mitt var besto mi. Ho lærde meg mykje om blomar og fortalde gladeleg om hennar glede for blomane. Eg hugsar enno at eg som lita var ute og plukka markblomar med henne og ho fann ei tue med forglemmegei. Dei nydelege små, blå blomane som står tett saman, nesten gøymd blant alt graset lyser mot deg når du først får auge på dei. Ho plukka dei opp og festa dei på genseren min og sa at me skulle aldri gløyme kvarandre.

Eg hugsar enno at eg som lita var ute og plukka markblomar med henne og ho fann ei tue med forglemmegei.

Sidan me vigsla oss på heimplassen min, var eg i barndomsheimen min for å gjere meg klar. Det gjorde at eg kunne gå ut i marka etter at sminke og hår var ferdig. Finne staden der tuene med forglemmegei var og plukke ein bukett med forglemmegei. Dei satt eg saman med nokon stilker med eukalyptus og brudeslør, og der hadde eg den perfekte, meiningsfulle buketten for meg.

Les også: Gjertrud om valget av brudekjole

Brudebukett gjev ro

Sjølvlagd og veldig personleg liten samansetting som gjorde at eg på min måte hadde med meg besto på den store dagen min. Ja, ho holdt meg i handa heile vegen! Noko eg hadde ønska om eg hadde fått ha ho der med meg.

Sjølvlagd og veldig personleg liten samansetting som gjorde at eg på min måte hadde med meg besto på den store dagen min. Ja, ho holdt meg i handa heile vegen!

brudebuketten
BRUDEKJOLE + BRUDEBUKETT = SANT: Brudekjolen rammer inn brudebuketten. 

Eg hadde ikkje forestilt meg kor mykje denne litle buketten kom til å bety på bryllupsdagen før i etterkant. Det gav ei ro å ha ein plass å helde nevane sine opp midtgongen lagd av venar og familie. Og det vart eit følelseslada minne for meg å sjå tilbake på at eg stolte på meg sjølv til å gjere bryllaupsdagen vår til noko personleg og sterkt for oss.

Les også: Brudeslør – brudebukettens beste venn

Gjertrud

Bak byline

Gjertrud Østervold Toft gifta seg ein fredag i juni 2019. Har erfart, og blitt tryggare på, at bryllupsdagen og alt rundt bryllupet skal vere personleg og ha fokus på det som er viktig for brudeparet. Stol på deg sjølv og det som de ønsker å ha med på den magiske dagen. 

VI TROR OGSÅ DU VIL LIKE ...