Vi bruker cookies på våre nettsider. Les mer om hvilke cookies vi bruker og hva vi bruker de til her. 

Brudekjole og dens erfaringer: Alt kjolen må kunne

– Val av brudekjole er skummelt, kriblande og eit minne for livet.

Brudekjole og alt den skal kunne - her er noen erfaringer fra bruden

Når du står i brudekjolebutikken og prøver brudekjoler er du mest oppteken av å gå fram og tilbake, snu deg rundt og late som om du held blomar i handa. Du som kommande brud; har du tatt deg tid til å tenke over kor mange ulike rørsle du må klare å gjennomfør med denne kjolen? Nei, det tenkte ikkje eg på når eg kjøpte heller. No er eg nokre erfaringer rikare.

Tekst: Gjertrud Østervold Toft @gjertrudoet Foto: Sløyfe og slør

Sjeldan har eg gått inn i ein butikk og hatt så mange somarfuglar i magen som det første besøket. Eg hadde to turer til brudekjolebutikken før eg klarte å slå meg til ro med valet mitt, men eg endte med ein av dei første eg prøvde. Heldigvis hadde eg med meg bestevennina mi og mamma til å hjelpe meg med avgjersla, for det er eit hav av flotte kjoler å velja mellom. No, nokon erfaringar rikare, delar eg mine i håp om at det kan hjelpa deg i valet ditt av brudekjole.

Vår vigsle var riktignok av det litt utradisjonelle slaget, og lokasjonen det same. På baugen av ein yacht som låg til kai på heimstaden min ein junidag gav me vårt ja.

Eg hadde definitivt ikkje tenkt over at eg skulle klarte opp på denne baugen når eg prøvde kjole. Det skal også nevnes at lokasjonen ikkje var heilt bestemt når eg kjøpte brudekjolen. Men eg måtte altså kome meg opp på denne baugen trygt. Og etterpå måtte eg sjølvsagt ned igjen på ein anstendig måte. Akkurat denne situasjon er nok litt unik, men du som kommende brud bør tenke over dei ulike stega i løpet av bryllaupsdagen.

Sjeldan har eg gått inn i ein butikk og hatt så mange somarfuglar i magen som det første besøket.

GJERTRUD ØSTERVOLD TOFT

Les også: Brudens beste tips til planleggingen

Brudekjole og barn

Ei småbarnsmorbrud må også ta nokre ekstra stopp ved brudekjolen ho kjøper. Me hadde ein på 2 og ei på 4 år når me vigsla oss, og dei krev også sitt gjennom dagen. Barnevaktene og besteforeldrene er ikkje alltid dekkjande for ønskja deira.

Du må ned på huk, du må løfte, du må klemme og du må bæra. Igjen ting eg ikkje hadde tenkt på, men kjolen min tålte det heldigvis. Veldig mykje perler kan jo kanskje henge seg opp i kleda til dei små i alle løfta og øydeleggje både din kjole og deira klede.

Gjertrud og sønnen på bryllupsdagen

Noko av det viktigaste kan vera å ta nokre dansesteg i butikken med brudekjolen på. Ver deg sjølv og dans slik du gjer på det kjekkaste dansegolvet og sjekk at du kan røre deg slik du vil.

Gjertrud Østervold Toft

Transport av både deg og brudekjolen

Transport er også lurt å ta med i tankane ved kjøpe av brudekjolen. Korleis skal du komme deg frå plass til plass på den store dagen, og korleis vil kjolen sjå ut etterpå? Skal de sykkel, på hesteryggen, på motorsykkel eller i ein stor limousin? Kanskje må du ta med brudgommen i planlegginga slik at han kan hjelpe med å helda på skjørtet. Me køyrde minibuss sidan distansen var lang, og eg kunne nok ikkje hatt større kjole enn eg hadde på den turen med tanke på komfort og plass. 

Noko av det viktigaste kan vera å ta nokre dansesteg i butikken med brudekjolen på. Ver deg sjølv og dans slik du gjer på det kjekkaste dansegolvet og sjekk at du kan røre deg slik du vil. Toalettbesøk, sitte komfortabelt ved bordet, klemming, puste og ikkje minst sjå naturleg ut på bileta. Alle desse praktiske tinga gjennom ein heil dag krev mykje av ein kjole, og ein bør tenke over det før ein bestem seg.

No gjorde eg kanskje valet av brudekjole enda meir komplisert for deg. Men hugs å stole på deg sjølv og magekjensla – du kjenner det på kroppen når den rette kjolen kjem på! Det er magisk!  Nyt augneblinka og hugs å dokumenter.

Les også: Dette bør du tenke på når du velger brudekjole

Gjertrud

Bak byline

Gjertrud Østervold Toft gifta seg ein fredag i juni 2019. Har erfart, og blitt tryggare på, at bryllupsdagen og alt rundt bryllupet skal vere personleg og ha fokus på det som er viktig for brudeparet. Stol på deg sjølv og det som de ønsker å ha med på den magiske dagen. 

VI TROR OGSÅ DU VIL LIKE ...