Vi bruker cookies på våre nettsider. Les mer om hvilke cookies vi bruker og hva vi bruker de til her. 

Når ingenting går som planlagt

Brudepar som holder hender
Brudepar som holder hender

Bryllaupsdagen er for mange jenter ein draum ein har lenge før ein møter mannen sin, det var det i allefall for meg. Men når ingenting går som planlagt, og den draumen blir vanskelegare og vanskelegare å få gjennomført, svinner den også litt om litt.

Tekst: Gjertrud Østervold Toft @gjertrudoet Foto: Unsplash

Draumen om å få ein heil dag i kvit kjole og føle seg nydeleg. Draumen om å le og gråte saman med familie og venar. Draumen om å få sjå på kvarandre med kjærlege blikk ein heil dag utan å tenkje på verda utanfor. Draumen om å smile og danse til langt på natt. Draumen om å få dele dei finaste orda med kvarandre og skape minner for livet. Draumen om at draumen vert verkeleg.

Med stor spenning og glede planla me korleis me ville ha vigsla og bryllaupsfesten vår i mai 2019. Denne dagen gjekk så godt som etter planen og me fekk ein nydeleg dag på kaien på heimstaden min. Ungane i dress og kvit kjole. Sola pressa regnskyene vekk akkurat i vigsla, og seremonien var så fin som me hadde sett for oss. Me hadde roen fordi me visste at den store festen ville koma om eit lite år, med god tid til å gle seg og planlegge til ein lika nydeleg oppleving som vigsla.

Ei ny verd

So traff ein ny verd oss og alle planar måtte opp til vurdering. Bryllaupsfesten var satt til juli 2020, men i all uvissa som kom i mars 2020 valde me å utsetje denne festen då. I etterpåklokskapen kunne me nok gjennomført, då det var mindre restriksjonar då enn no. Men kven kunne sjå den koma. Me godtok avgjersla og enda på at det var det beste og tryggaste for alle. Ein bryllaupsfest skal jo vere ubekymra klemming, dansing og skål med store smil! Ei stor takksemd for at me faktisk allereie var gift og har fått ei god oppleving vaks også veldig hos meg.

Draumen om å få dele dei finaste orda med kvarandre og skape minner for livet. Draumen om at draumen vert verkeleg.

Les også: Gjertrud om blomsterbuketten som ga henne mot på bryllupsdagen

Ny dato – nytt håp

Ny dato vart sett til august 2021. Me tok ikkje sjansen på å berre flytte nokre månadar, og det viste seg i allefall å vera rett. Etter å ha godteke nederlaget med første utsetjing, kom gleda og forventningane tilbake i kroppen. Hotellet var meir enn hjelpsam med endring av dato, og situasjonen rår jo ingen over. Festen med omlag 100 inviterte kunne framleis stå sin tur.

Plutsleg ein ettermiddag i januar 2021, 6 månadar til bryllaupsfesten som var annonsert og planlagt, kjem ein e-post frå hotellet der me skulle ha bryllaupsfesten. Datoen kunne ikkje gjennomførast grunna at hotellet hadde fått ny kontrakt og dermed ikkje hadde tilgjengeleg lokale til bryllaupsfesten. Rullegardina mi, gleda mi og entusiasmen min fekk eit nytt slag. Frustrasjon og skuffelse fordi me var så nær, og fordi ting blei gjort så kjapt. Lysta til å gje opp kom sigande. Men so kom også minne om draumen, draumen om å få ha ein dag fyld med glede og kjærleik – spesielt etter denne tøffe tida. Draumen gav ny motivasjon til å finne løysningar. Eg vil ikkje gje meg så lett, men også sinne mot hotellet som endra på ting så raskt og øydela litt av vegen mot draumen min.

Rullegardina mi, gleda mi og entusiasmen min fekk eit nytt slag. Frustrasjon og skuffelse fordi me var så nær, og fordi ting blei gjort så kjapt.

Draumen som kom tilbake

På ny ville eg finne ein veg til draumen min om ein bryllaupsfest der dei fine orda blei henta fram for å dele, dei fine kleda tatt på, og for ein dag få vere saman i glede. Nye runder med planlegging og logistikk, booking og priser, datoer og alt som følgjer. Smått om sen fann eg ei løysning og var trygg på at no hadde me endeleg funne ei løysning som ingen kunne ta frå oss, og at no var det berre å få gjennomført. Trudde eg.

Men bom så kom det fram, 2 månandar før gjennomføring, at i retningslinjene som hotella følgjer no er eit bryllaup på eit hotell eit privat arrangement. Dermed berre lov med 10 gjestar (når eg først vart merksam på dette). Ei letting på retningslinjene tillot 20 gjestar. Der smalt det ein vegg inn i draumen min igjen. Oppgitt, lei meg og fullstendig oppgitt forsvann håpet mitt om at draumen kan bli nådd.

Der smalt det ein vegg inn i draumen min igjen. Oppgitt, lei meg og fullstendig oppgitt forsvann håpet mitt om at draumen kan bli nådd.

Les også: Gjertruds inspirasjon og tips til dekorasjon i bryllupet

DEI INVITERTE: Kva skal ein seie til gjestane i ein situasjon der ingenting går som planlagt?

Gjestene – kva tenkjer dei når ingenting går som planlagt?

Kva tenkjer gjestene når det stadig er endringer – bryr dei seg i det heile? Blir dei irritert eller gler dei seg på våre vegne og håpar saman med oss? Er dei lei og vil til slutt ikkje kome på bryllaupsfesten likevel? Er det verdt arbeidet med å leggje ut på ei ny ferd med planlegging, kontakter, e-poster, priser og bookinger? Skal eg ikkje få bruke brudekjolen som henger i skapet likevel? Tårene trilla i bilen heim frå jobb denne dagen.

Nok ein gong må eg grave etter vilje og kraft til å få bryllaupsfesten til å bli ein realitet. Telefonar, e-postar, diskusjonar og hundrevis av tankar i dagane som gjekk. Men eg vil ikkje gje meg. Eg vil få det til, eg vil sitje ved siden av mamma i brudekjole og nyte god mat og fantastisk stemning. Eg vil halde handa til mannen min medan me ser ungane springe mellom borda med kvit duk for å seie hei til alle dei fantastiske folka me har i liva våre. Nokre løysningar kjem undervegs, men nok ein gong må det bli tatt val.

KJÆRLEIKEN: Korleis blir det med kjærleiken når ingenting går som det skal og draumen svinner heilt?

Det siste valet

Akkurat no står eg mellom tre val; endre dato og stad for 3.gong,  ha ein kontete og oppdelt dag på datoen som framleis står, eller det eg ikkje trudde eg skulle seie – avlyse alt. Draumen blir ein draum, den store feiringa forbli eit tenkt bilete i framtida og kjolen blir hengjande i skapet.

Når ingenting går som det skal og draumen svinner heilt.

Les også: Brudekjolen og alt den skal kunne – Gjertruds erfaringer og tips til valg av brudekjole

VI TROR OGSÅ DU VIL LIKE ...