Vi bruker cookies på våre nettsider. Les mer om hvilke cookies vi bruker og hva vi bruker de til her. 

Pynting av lokalet – brudens erfaringer

pynting av lokalet

Det finaste bryllupet for oss feira me på kaien på heimstaden min, på baugen av ein yacht med alle våre næraste med oss. Pynten og dekorasjonen måtte stå i stil med vala våre, både ute og inne i lokalet.

Tekst: Gjertrud Østervold Toft @gjertrudoet Foto: Getty

Med sjøden som bakgrunn, eit 100 år gamalt lokale og ønskje om personlege detaljar var pyntinga om mogeleg enda vanskelegare enn eg hadde trudd. Men så verdt innsatsen til slutt når bryllupsdagen var der.

Blomane, vasane, lysa og dekorasjonen hadde eg ønskje om at skulle passe til oss sjølv om det ikkje var ein stor fest dagen me vigsla oss. Me tok eit val om å vigsle oss på denne personlege måten av fleire grunnar, men mest nettopp fordi me ville ha det personleg.

inspirasjon på pinterest
BORDDEKORASJON: Levande lys og grøne plantar skapar stemning saman. Foto: Printscreen fra Gjertruds Pinterest-board

Brudebuketten min var liten, men perfekt for meg og min personlegdom. Lokalet røft, maritimt og prega av sjel, som me begge likar. Pynten på bordet var ein – to stilkar med brudeslør og roser i kvar passelege vase utan duk på borda. Det gamle treverket løfta blomane. Og varmen frå alle gjestane fylde lokalet med kjærleik.

inspirasjon
DIY-BRYLLUPSPYNT: Drivved brukt som dekor passar godt med blonder i kjolen. 
Foto: Sløyfe og Slør, t.h.: Canva

Les også: Gjertrud om erfaringer og valg av brudekjole

Planlegge bryllupspynten

Det tok berre 6 veker frå me bestemde oss for å vigsla oss til me sa “ja”. Absolutt ikkje den beste tida til å planlegge mange detaljer til bryllupslokalet. Men planen var å ha bryllupsfest sommaren 2020. Det blei det ikkje noko av, og no håpar me på at me kan ha bryllupsfesten sommaren 2021. Eg er glad me levde i augneblinken og vigsla oss på den måten me gjorde. No treng eg berre å finne ut av pynten til eit nytt lokale for festen i sommar.

Eg er glad me levde i augneblinken og vigsla oss på den måten me gjorde. No treng eg berre å finne ut av pynten til eit nytt lokale for festen i sommar.

Det er veldig mykje som er heilt nydeleg som pynt ein sånn dag. Eukalyptus og brudeslør, markblomar som høyrer til årstida,  fargetoner som passar saman. Det er eit hav av ulike bordkort, grafiske løysninger  og trykk som kan sette stemninga i rommet. Vimplar, veggdekor og å lage personlege små veggar som kan brukast både som pynt og foto bakgrunn.

Eg fann fort ut at eg må ha tre ord på sjølve dekorasjonene og pynten, og tre ord for sjølve arrangementet. Dei tre orda for dekorasjonane er varm, elegant og personleg.

Råd for å finne din stil

For å finne pynt skreiv eg å få ned tre ord som eg vil skal skildre stemninga eg vil ha på festen. Eg fann fort ut at eg må ha tre ord på sjølve dekorasjonene og pynten, og tre ord for sjølve arrangementet. Dei tre orda for dekorasjonane er varm, elegant og personleg.

Personleg fordi eg vil at gjestene skal tenke at; ja, dette passar til brudeparet og fordi eg ikkje vil ha det likt som alle andre. Elegant fordi eg syns den gamle, tidlause og elegante stilen er nydeleg, men eg har ikkje heilt fasiten på korleis det skal sjå ut på eit bord. Varm fordi eg håpar at stemninga i løpet av kvelden også skal vere varm og gledeleg.

Kanskje nokon har tips til pynt og stil til meg, for dette kjem eg til å be om råd og inspirasjon til å finne ut av. Venninnene mine skal i allefall få bryne seg ein god del her.

Les også: Her finner du bryllupsdekorasjoene du drømmer om

Gjertrud

Bak byline

Gjertrud Østervold Toft gifta seg ein fredag i juni 2019. Har erfart, og blitt tryggare på, at bryllupsdagen og alt rundt bryllupet skal vere personleg og ha fokus på det som er viktig for brudeparet. Stol på deg sjølv og det som de ønsker å ha med på den magiske dagen. 

VI TROR OGSÅ DU VIL LIKE ...